No ber det i mars i mot våren.
Det ruskar og riv nok iblandt.
Men solblenk på havblåe klåren -
ein vårsmil - fortel det er sant.
Ein vinter so kald og so klaka -
lyt stane og turka ei tår, -
men snøggom til rømings å taka
for vaknande, veksande vår.
Men våren den vil ikkje stana,
før vintren er sopa på dør.
Og sola ho rundar si bana,
og stig over fjella i sør.
Ja, vår - du er sjølvaste livet, -
du soltrua syng oss i sinn.
Du atter ein gong vil oss gjeve
den trua at livet det vinn.
Bjarne Andås
Herlige ord fra vår bestefar :) Syns det klinger så fint! Og ja, her ventes det på vår :)
SvarSlettHerleg!!!
SvarSlett